Det finaste du kan gi barna til jul

Snart er jula her – årets store høgdepunkt for barna. Adventslys, julekalender, nissebesøk, peparkakebaking, kanskje aking i snøen, gåveopning og tid saman med familien. Det er mykje å gle seg til. Derfor har me ei oppfordring til alle vaksne: Tenk over din eigen alkoholbruk når du er saman med barn i jula.

Me er ein Av-og-til-kommune. I ein del år no har me jobba saman med Av-og-til for å førebygge og redusere skadeleg alkoholbruk og gjere kvardagen tryggare for alle. 

Ei ung jente et julemiddag og me ser eit vinglas i front av bildet og ho skuar mot høgre, kanskje på ein vaksen som drikk alkohol - Klikk for stort bilete Andre Borke, Av og til

Barn trivst best med vaksne som oppfører seg som dei pleier. Når barna blir spurde, seier fleirtalet at dei ønskjer at vaksne skal drikke null, eitt eller maks to glas alkohol når dei er saman med dei. Derfor ber vi alle som skal feire jul saman med barn, om å tenkje over sin eigen alkoholbruk på førehand. Bruk gjerne denne hugselista:

Den viktigaste hugselista i jula:

  • Drikk null, eitt eller maks to glas når du er saman med barn.
  • Ha flest dagar utan alkohol.
  • Bli einig med dei andre vaksne om kor mykje alkohol som er greitt.
  • Unngå å drikke på ein måte som går ut over morgondagens planar.
  • Ver spesielt bevisst i feriar og høgtider.
  • Hugs at barn blir påverka før du blir det.

Me ynskjer dykk alle ei god og trygg jul!