Eigedomsskatt 2026

Kommunestyret har 11. desember 2025 gjort vedtak om generell eigedomsskatt for heile kommunen etter eigedomsskattelova § 3a. Alminneleg taksering var i 2020.  Takstane er gjeldande i 10 år, men vert endra ved endring pr. 1. januar 2026 (nye tomter, nybygg, utgåtte bygg og frådelingar). Det vert ikkje gitt botnfrådrag. 

Skattesats

Skattesats for 2026 er 2 promille for bustad-, fritidseigedomar og næringstomter og 7 promille for næring/energi. Minstebeløp pr år for utskriving av skatt er 300 kr. Fritak vert gitt etter § 5 og 7. Nybygde bustader med taksering for 2026 får fritak for bustadbygg etter eigedomsskattelova § 7c. 

Eigedomsskattelista og klagefrist

Eigedomsskattelista med fritaksliste for 2026 er til offentleg ettersyn i biblioteket frå 27. februar – 23. mars 2026.

Det vert innan 1. mars 2026 sendt ut ein "skatteseddel" som informasjon om årets eigedomsskatt, til eigedom med skatt over kr 300. 

Klagefrist er 6 veker frå 1. mars 2026.

Fakturering

Eigedomsskatt vert fakturert samstundes med andre kommunale avgifter (vatn/kloakk og feiing). Faktura for 2025 sendes ut i 4 terminar med forfall 

  • 20. april
  • 20. juni
  • 20. oktober
  • 20. desember

Alternativt kan ein velje 1 termin med forfall 20.04 eller 2 med forfall 20.04 og 20.10. 

Delbetaling kan avtalasr ved å kontakte økonomiavdelinga på telefon 51 75 00 00. Dei som før har avtalt færre terminar får faktura som avtalt.