Endringar for levering av næringsavfall

Frå 1. januar 2026 blir moglegheita for å levera næringsavfall på Viganeset gjennvinningsstasjon avslutta. For å gi bønder og andre næringsdrivande tid til å tilpassa seg, vil dei vere fleksible ut februar 2026 slik at næringsaktørar får tid til å omstille seg. 

Landbruksfolie og storsekkar

IVAR Renovasjon Ryfylke har vert i kontakt med det lokale bondelaget og informert om ulike moglegheiter for mottak av landbruksfolie, storsekkar og anna næringsavfall. IVAR kan ikkje inngå avtale med Plastretur, og får derfor ikkje refusjon for landbruksplast. Dette er èin av årsakane til at leveringsmoglegheitene blir avsluttet på Viganeset. Landbruksfolie, storsekkar og anna næringsavfall kan fortsatt levast til Nordmarka gjenvinningsstasjon (Tau). 

Det må betalast for nett, plastkjerner og anna næringsavfall.

Dersom våre føresetnadar for vidarelevering av landbruksfolie endrar seg, kan det innførast betaling på kort varsel.

For meir informasjon om landbruksfolie og storsekk i Rogaland sjå www.plastretur.no

Alt anna næringsavfall

  • Må leverast til godkjent mottak. 
  • Private aktørar kan tilby løysingar for innsamling av avfallet. 
  • Farleg avfall må vera deklarert før levering. 

Kvifor skjer endringa? 

Det er ikkje ei lovpålagt oppgåve for kommunene å ta i mot næringsavfall, jf. forureiningslova § 32. Ordninga har medført uloveleg kryssubsidering mellom hushaldnings- og næringsavfall. 

Kva bør du gjere no? 

Gå i dialog med godkjente avfallsmottak for å finne løysingar. 

Vurder organisert innsamling av landbruksfolie og storsekk, til dømes i regi av det lokale bondelaget eller andre private aktørar. 

IVAR renovasjon Ryfylke kan også kontaktast så skal dei bidra så godt dei kan med å finne alternative løysingar. 

For spørsmål kontakt: 

IVAR renovasjon Ryfylke på e-post kundeservice@ivar.no