Er programma for 17. mai klar?
Me veit det er mange som står på i desse dagar med førebuing til årets feiring av nasjonaldagen, 17. mai. Me vil veldig gjerne publisere programma så snart dei er klar, så me ber derfor om at komiteane blir tipsa om å senda oss ein e-post med programmet.
Send oss programma
Tips komiteen om å sende programmet til postmottak@hjelmeland.kommune.no, så legg me det ut fortløpande.
Siri Kyrkjeeide
Dagen me alle gler oss til
Nasjonaldagen vår 17. mai er ein dag fylt med stoltheit, glede og fellesskap. Me feirer med flagg, barnetog, leiker, pølser og lapskaus - og ja, ungane (og kanskje dei vaksne også?) spis gjerne is til dei nesten sprekk! Me samlar oss i bygdene ikledd finstasen og bunad, og me er i feststemning for å markera vår historie, natur, kultur og verdiar.
Program for dagane i dei ulike bygdene
Program for Fister
- 11:00 - Gudsteneste i Fister kyrkje
- 11:45 - Tog frå Fister kyrkje og opp til skulen
- 12:15 - Komiteen ynskjer velkommen
- 12:20 - Tale ved Izabele Krasikovaite og Milla Sofie Sandvik
- 12:30 - Matsal startar
- 13:15-14:45 - 60 meter, tipping, aktivitetar og leik
- Ca. 15:00 - Premieutdeling
Velkommen!
Program for Hjelmeland
- 07:00 - Salutt
- 08:00 - Flaggheising
- 09:45 - Familiegudsteneste i Hjelmeland kyrkje
- 10:30 - Kransepålegging ved dei falne si grav v/Hjelmeland historielag
- 11:00 - Tale for dagen utanfor omsorgssenteret v/Pernille Bergøy Drognes og Anna Seselia Kleppa
- 11:15 - Toget går frå Hjelmeland omsorgssenter til Hjelmeland IL Klubbhus
- 12:00 - Matsal, aktivitetar og konkurransar ved Klubbhuset på kunstgrasbanen
- 14:30 - Premieutdeling
Velkommen til små og store!
Program i Jøsenfjorden
- 09:00 - Kransenedlegging ved støta til Georg Fjellberg, korps og appell v/Haldis K. Nilsen og Ola Rodrigo Gjil
- 09:45 - Tippekonkurransar vert lagt ut, Fjordahuset
- 10:30 - Tog med korps startar, me går rundt Hauge
- Etter at toget er attende til skuleplassen held Reidun Segadal og Bernt J. Høie tale for dagen, gymsalen
- Etter talen blir det mat, leiker, natursti, konkurransar med meir
- 13:30 - Fotballkamp, meld dykk på i kiosken
- 14:00 - Premieutdeling
Velkommen!
16. mai klokka 18:00: Skarpskyting på skytebanen.
Program på Jøsneset
- 12:00 - Tog frå Bedehuset til Grendahuset
- 12:30 - Tale for dagen v/Gaute Hauge
- Ca. 13:00 - Felles lunsj der alle som vil/kan tek med seg eit bidrag til felles buffé
- Sal av pølser, is og brus
- Ca. 14:00 - Leiker og aktiviteter
- Ca. 15:30 - Premieutdeling
Alle er velkomne!
Program på Randøy
- 11:00 - Toget går frå grendahuset
- 11:45 - Tale for dagen ved Anne Tove Gundersen Ingvaldstad
- 12:15 - Matøkt
- 13:00 - Aktivitetene startar
- 15:00 - Leikene sluttar
- 15:30 - Avslutning og premieutdeling
Velkommen til alle!
Program i Vormedalen
Kl. 11 - Tale for dagen ved Mey Ellen Myrland
- Tog
- Matøkt
- Leikar for born og vaksne
Kl. 15:30 - Premieutdeling
Alle er velkomne!
Publisert 26.04.2026 09.26
Sist endra 04.05.2026 10.30