Det neste døgnet kjem “Dave” med svært kraftige vindkast innover Hjelmeland. Det er venta vindkast på rundt 30-40 m/s frå vest og nordvest. Det er sendt ut farevarsel på oransje nivå, som betyr at konsekvensene kan bli omfattande for mange menneske.
Periode for varselet
Varselet gjeld for tidsperioden klokka 14:00-22:00 sundag 5. april.
Mulege konsekvensar
- Vêret kan føre til alvorlege skadar
- Reell fare for at liv og verdiar kan gå tapt
- Vegar kan bli stengt
- Avganger med båt og annan transport blir kansellert
- Fare for straumbrot
Råd til deg
Så då kjem oppfordringa til deg: ta deg ein tur rundt huset/garden og i gata for å sjekke at det ikkje ligg lause gjenstandar som kan gjera skade. Fest fast det du kan og ta ein sjekk ved stikkrennene.
Hald deg inne og utsett reis til vinden har gitt seg. Ta ein sjekk med eldre slektningar, naboar eller vener for å forsikre deg om at dei har det bra.
Hold deg oppdatert
Følg også med på varsom.no
Sjekk også ut heimesida til Meteorologisk institutt.
Følg med i nyheitene, som til dømes NRK.
Følg med der du sjekkar vêrmelding.
Publisert 04.04.2026 15.06
Sist endra 04.04.2026 22.41