Folkehelseundersøkinga i Rogaland 2026

No i november får 80 000 innbyggarar i Rogaland invitasjon til å delta i ein folkehelseundersøking i fylket vårt. Folkehelseinstituttet (FHI) gjennomfører undersøkinga saman med Rogaland fylkeskommune og kommunane i fylket. Målet er å få meir kunnskap om helsa, trivselen og livskvaliteten til vaksne i Rogaland.

Kvifor gjennomfører me undersøkinga?

Undersøkinga skal gi kunnskap om korleis innbyggarane har det. 

Svara viser mellom anna:
•    korleis folk vurderer si eiga helse
•    kva som påverkar trivselen og livskvaliteten
•    kva utfordringar folk møter i kvardagen
Denne kunnskapen hjelper kommunen med å forstå behova til innbyggarane og sette inn tiltak der behova er størst.

Kvifor er undersøkinga nyttig for kommunen?

Resultata er eit viktig grunnlag for arbeidet med å utvikle gode tenester og lokalsamfunn.
Når me veit meir om helsa og trivselen til innbyggarane, kan me tilpasse tenestene og tiltaka våre betre. Resultata kan mellom anna hjelpe oss med å planlegge helsefremmande aktivitetar og førebyggande tiltak.
Det er derfor viktig at så mange som mogleg av dei inviterte svarer. Mange svar gir kommunen eit betre grunnlag for å prioritere og planlegge.

Korleis går undersøkinga føre seg?

Undersøkinga er digital og tar om lag 15–20 minutt å svare på. Dei som blir trekte ut, får ein invitasjon frå FHI via Helsenorge. Det er trygt å delta. FHI behandlar alle svar konfidensielt og følger strenge reglar for personvern. FHI presenterer berre resultat for grupper. Det skal derfor ikkje vere mogleg å kjenne igjen svara frå enkeltpersonar.

Om du ikkje har PC eller treng hjelp til utfylling, kan du koma innom bibloteket på Hjelmeland. 

Vinn gåvekort

Alle som svarer på undersøkinga, er med i trekninga av ti gåvekort på 1 000 kroner kvar.
Me håper at alle som får ein invitasjon, vil svare. Svaret ditt gir kommunen betre kunnskap om helsa, trivselen og livskvaliteten til innbyggarane. Kunnskapen hjelper kommunen med å planlegge gode tenester og tiltak.

Lurer du på noko?

Du kan lese meir om undersøkinga på FHI sine nettsider.

•    Har du fått ein invitasjon til å svare på spørreskjemaet og treng teknisk eller praktisk hjelp, eller har du spørsmål om rettane dine? Då kan du lese FHI sin artikkel med ofte stilte spørsmål her eller send ein e-post til FHI på nhus-deltaker@fhi.no.