Året 2025. Året då vår eiga friluftsjente, Karen, nådde Sydpolen aleine som verdas yngste. Året då vi fekk ny Spar-butikk. Året då fotballen ga oss VM-kvalifisering og Viking seriegull. Og, året då bompengane i Ryfast vart redusert. For å nemne noko.
Sjølvsagt er der mange negative hendingar også, men eg tør påstå at dei er godt nok dekte i både lokal, nasjonal og internasjonal presse.
Så har vi alle kvar for oss eigne og meir private topp- og botnpunkt frå året som har gått. Slik livet er.
Politisk har det vore både kjekke og mindre kjekke saker. Det var godt å kunne lande ei avgjersle om å halde på dagens skulestruktur, slik at borna våre ikkje må bruke meir tid i buss enn dei gjer i dag. Det var tilsvarande vondt å vedta at dei to omsorgssentera våre no skal slåast saman til eitt. Eg meiner det er rett i ei tid der den demografiske utviklinga er i stor endring, men det gjer det ikkje mindre vanskeleg, og særleg ikkje for dei som har sin arbeidsplass i den sektoren. Så skal vi jobbe for at det nye omsorgssenteret vert ein bra plass å vere, både for dei som skal bu der og dei som skal jobbe der.
No går vi inn i totalforsvarsåret 2026, der målet er å styrke Noregs evne til å førebygge og handtere tryggleikspolitiske kriser og krig. For å klare det, skal vi gjennomgå, utvikle og øve på beredskapsplanar både lokalt og nasjonalt. Og då må eg jo spør: Har du ditt beredskapslager på stell?
Eg har lyst til å takke alle som er med på å gjere Hjelmeland til ei god kommune å leve i. Alle som skaper arbeidsplassar, som står på i det frivillige arbeidet og skaper fritidstilbod og underhaldning. Alle som går på jobb kvar dag for å ta seg av borna våre og våre eldre, dei som produserer og sel varene vi treng i butikkane, som køyrer bussen, bygger hus, vaskar golva, og som vedlikeheld vegane. Alle har vi ei viktig rolle i samfunnet, kvar på vår plass. Takk for at du fyller di!
No går vi inn i julehøgtida med alt vårt, enten livet er på sitt beste, sitt verste, eller sånn passe. Noko Anne Grete Preus så fint set ord på i “Alt det som skinner”:
Det skinte av engler
Og hyrder på marken
Av konger og folk der
En far og en mor
Det skinte av barnet
Som kom hit med håpet
Om å forbinde
Himmel og jord
Det skinner av henne
Som står på et hjørne
I altfor tynn kjole
Og fryser seg blå
Av gutten på åtte
Som ber gode makter
Sikre ham gaven
Han håper å få
Alt det som skinner
Er ledd i en lenke
Liv etter liv
Ord etter ord
For alt det vi er
For alt vi har hatt
Skinner som stjerner
En Betlehemsnatt
Det skinner av han som
Vil feire alene
Og synes det gjør godt med
Litt høytid iblant
Og henne som synger
Mens tårene triller
Deilig er jorden
Selvom det ikke kjennes sant
Det skinner i blokker
Og hus i desember
Av blankpusset glede
For alt som skal skje
Av ivrige hender
Og alt som skal rekkes
Før klokkene ringer
Og folk setter seg ned
Alt det som skinner
Er ledd i en lenke
Liv etter liv
Ord etter ord
For alt det vi er
For alt vi har hatt
Skinner som stjerner
En Betlehemsnatt
Det skinner av han i
En juletom gate
Og i minnenes land
Nå med høytid og fryd
Av henne som har sin
Første jul i Norge
Av det vi har fått
Og det vi fikk gitt
Med ønske om ei god jul og eit godt nyttår til alle våre heil- og deltidsinnbyggjarar.
Anita H. Riskedal
Ordførar