Godkjent reguleringsplan - Viganeset nord industriområde planid 202403
I medhald av plan- og bygningslova (PBL) § 12-12 har Hjelmeland kommunestyre i sak 29/26 den 28.05.26 godkjent Detaljreguleringsplan for Viganeset nord industriområde (fornying)
Planområdet gjeld del av gnr 71 bnr 1, og er ein mindre del av eit større/regulert industriområde nord for fylkesvegen på Viganeset, Hjelmeland.
Arealet har vore regulert til industri sidan 2014. Planvedtaket gjeld nå fornying av denne planen + utviding slik at heile det regulerte krysset mot fylkesvegen blir med i same planområde.
Denne nye planen erstattar med dette planen frå 2014 - Detaljreguleringplan R142 + delar av Detaljreguleringsplan R164 for fylkesvegen (den del som gjeld sjølve kryssløysinga mot nord)
Her finn du plandokumenta: Kommunestyrevedtak, Plankart, Føresegner, Planskildring og ROS-analyser.
Vedtaket kan i medhald av PBL §§ 1-9 og 12-12 og forvaltningslovens kap.VI klagast inn for Statsforvaltaren i Rogaland. Klagefrist 20.juli 2026
Eventuell klage skal sendast skriftleg til:
Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland eller postmottak@hjelmeland.kommune.no .
Eventuelle krav om erstatning må setjast fram skriftleg for Hjelmeland kommune innan 3 år frå den offentlege kunngjeringa av vedtaket, jfr. PBL § 15-3
Plan-og forvaltning
Sist endra 10.06.2026 13.35