Hjelmelandsprisen 2025

Vinnaren av Hjelmelandsprisen 2025 er Askvik frukt og bær. 
 

Anne Kari og Ola Dale i Askvik frukt og bær er fjerde generasjons torghandlarar. Dei er torghandlarar av den «gamle» sorten, som byr fram eit vell av ulike kvalitetsprodukt frå eigen gard - året rundt.

Dei er viktige berarar av ein tradisjon mange i Hjelmeland har vore ein del av gjennom åra, og møter alle kundar med smil og kjappe replikkar.

Me gratulerer så mykje!