Kva blir det søkt om?
NVE har fått søknad frå Fister Smolt AS, datert 09.07.2025, om løyve etter vassressurslova til å endre reguleringsregimet for Hetlandsvatet. I gjeldande konsesjon har Fister Smolt AS løyve til å regulere Hetlandsvatnet mellom LRV på kote 45,8 og HRV på kote 46,4 mellom 15. november og 1. april. Dei søker no om at denne reguleringa skal gjelde heile året. Bakgrunnen for søknaden er at i dagens reguleringsregime er det naturlege tilsiget mindre enn summen av behovet for vasstilgang for Fister Smolt AS og kravet til minstevassføring i månadane mai, juni og juli. Ved å kunne regulere vatnet heile året blir det mogleg å halde vassnivået 30 cm over naturleg vassnivå heile året for å ha leveringssikkerheit til anlegget. Det blir ikkje søkt om endringar av andre konsesjonsvilkår og det vil ikkje bli utført nye tekniske inngrep i vassdraget.
Søknaden med vedlegg er tilgjengeleg på NVE si nettside.
Søknaden skal behandlast etter reglane i kapittel 3 i vassressurslova og gjeld løyve etter vassressurslova § 8.
Informasjon om saksbehandlinga finn du på NVE si nettside.
Kva ønsker NVE fråsegn om?
NVE ønsker å få inn synspunkt på planane som er presenterte i søknaden. NVE ønsker konkrete synspunkt på om planane bør gjennomførast, ev. val av alternativ eller forslag til avgrensingar i planane. Vi ønsker også grunngitte forslag til avbøtande tiltak som kan redusere eventuelle ulemper ved gjennomføringa av prosjektet. I tillegg ber vi om eventuelle kommentarar til om søknaden gir tilstrekkelege opplysningar om verknadene av tiltaket. Alle som har meiningar om saka, kan sende inn ei fråsegn.
Slik sender du inn høyringsfråsegn
Alle som har meiningar om saka, kan sende fråsegn på éin av følgjande måtar:
- via skjema for fråsegn, som de finn på nettsida i saka
- via e-post til nve@nve.no (merk e-posten med «Høyringsfråsegn 202515156» i emnefeltet, og oppgi namn og organisasjonsnummer i innleiinga om du representerer ei verksemd)
- via brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO (merk brevet med «Høyringsfråsegn 202515156», og oppgi namn og organisasjonsnummer i innleiinga om du representerer ei verksemd)
Frist for å sende fråsegn er 20. mai 2026.
Fråsegn eller delar av fråsegn vil bli refererte i saka. Er høyringsfråsegna lang, oppmodar NVE høyringspartane til sjølv å skrive ein kortfatta konklusjon eller samandrag. Høyringsfråsegnene er offentlege dokument, og sentrale saksdokument blir lagde ut på NVE sine nettsider.