Høyring - Fastsetting av forskrift om fellingsavgift
Frå 1. juli 2026 vil ny viltressurslov tre i kraft. Når dette skjer innfører lova eit krav at kommunane som ønsker å fastsette og kreve inn fellingsavgift må gjera dette i forskrift. Formannskapet har vedtatt at dette skal inn i same forskrift som der me opnar for jakt på hjort og rådyr, og fastset minstearealet.
Før me kan vedta ei forskrift endeleg skal forslaget ut på høyring.
Det er berre del delen av forskrifta som omhandlar fellingsavgift som er gjenstand for høyring i denne omgang.
Forslaget
§ 3 Fellingsavgift for hjort
Fellingsavgift blir kravd inn etter forskrift 15. mai 2011 nr. 537 om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort § 6 jf. viltressurslova § 9 fjerde ledd. Satsar for fellingsavgift blir sett til maksimal sats for fellingsavgift gitt i Stortinget sitt budsjettvedtak.
Merknadar
Dersom du har merknadar til forslaget om fellingsavgift ber me om at du sender inn merknad til postmottak@hjelmeland.kommune.no innan 9. juni 2026.
Publisert 01.06.2026 14.04
Sist endra 01.06.2026 14.16