Høyring - Skredfarekartlegging i åtte område i Hjelmeland kommune
NVE har fått utført ei skredfarekartlegging for åtte utvalde område i Hjelmeland kommune. Det føreligg nå ein rapport med oversikt over faresoner for skred i bratt terreng. Som ledd i kvalitetssikring av rapporten blir denne nå lagt ut til høyring.

Dei kartlagde områda er:
- Tysdal
- Måland
- Erlia
- Lakkåsen
- Melslia
- Tønnevik-Øvrehus
- Askvika
- Sæbø/Almenningen
Kartlagde skredtypar er steinsprang og steinskred, jordskred, flaumskred, sørpeskred og snøskred. Kartlegginga er utført av Sweco AS og er basert på feltbefaringar, modelleringsarbeid og skredfagleg vurderingar sett i lys av lokale forhold.
Rapporten konkluderer med at alle delområde har faresoner, men det varierar mellom låg sannsynlegheit for skred (≥1/1000- og ≥1/5000-sone) til enkelte stader høg sannsynlegheit for skred (≥1/100). Ulike typer bygg er plassert i desse sonene.
Målet med høyringa
Målet med høyringa er å finne ut om det er feil eller manglar i rapporten:
- Er det sikringstiltak i områda som ikkje er omtalt i rapporten?
- Fins det tidlegare skredfareutgreiing som ikkje er omtalt i rapporten?
- Fins det historiske skredhendingar som ikkje er omtalt i rapporten?
Alle kan gi innspel til rapporten - kanskje særskild aktuelt for bebuarar i området eller andre med lokalkunnskap i dei konkrete områda.
SKREDFARERAPPORTEN
FARESONEKART
Kom med innspel
Frist for innspel er 12. desember 2025.
Send høyringsuttale til NVE: Høyringskjema
Etter dette vil konsulenten Sweco revidere rapporten og den blir sendt til NVE for endelig godkjenning.
Meir info frå NVE om denne type skredkartlegging
Sist endra 21.11.2025 15.21