Informasjonsmøte: Desentralisert bachelor i sjukepleie i Ryfylke

Vil du bli sjukepleiar medan du bur i Ryfylke? Universitetet i Stavanger (UiS) og Ryfylke utdanningssenter IKS inviterer til informasjonsmøte om den desentraliserte bacheloren i sjukepleie i Ryfylke torsdag 19. mars klokka 18:30 i kommunestyresalen på Hjelmeland. 

På møtet får du mellom anna: 

  • informasjon om studiet si oppbygging og gjennomføring
  • vite meir om opptakskrav og søknadsprosess
  • moglegheit til å stille spørsmål om det du lurer på

Stad og tid for møtet

Stad: Kommunehuset i Hjelmeland, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland
Tid: Torsdag 19. mars klokka 18:30

Dette er ei unik moglegheit til å ta høgare utdanning i regionen, kombinert med jobb og familieliv.

Me håpar du kjem fordi:

Du vurderer å bli sjukepleiar.
Du er nysgjerrig på moglegheitene.
Du jobbar i helse og vil ta steget vidare.
Eller fordi du kjenner nokon som burde fått denne informasjonen.

Ta gjerne med deg ein venn eller kollega!

Velkommen!

Film om utdanninga

Du kan sjå film der dei forklarer litt om korleis utdanninga føregår.