Jøsenfjorden barnehage 40 år

Veka før påske feira dei med stor stas Jøsenfjorden barnehage som er 40 år i år, 1986-2026.

Det blei pølser, frukt, kaffe og kaker på barna og tilsette i barnehagen saman med foreldre og søsken. Barna i barnehagen framførte eventyret om "Påskekyllingane som skulle til seters  og finne påskeegget". Ein fin ettermiddagsstund blei det.

Jøsenfjorden var den fyrste kommunale barnehagen som opna i Hjelmeland. Barnehagen vart etablert i lokala til den nybygde helsestasjonen. Frå før var det to private barnehagar, Årdal som Husmorlaget dreiv og Hjelmeland Indremisjonen dreiv. 

Det var eit foreldreinitiativ hausten 1985 som førte til rask barnehageetablering i fjorden. Olaug Fuglastein og Ingrid Skjølingstad var dei fyrste tilsette. Opningstidene var fire timar tre dagar i veka. 12 barn starta opp. 

Barnehagen er vedtatt nedlagt frå hausten 2026.