Barn treng fleire trygge vaksne rundt seg. Familie, vener, naboar, lærarar, trenarar og andre vaksne i nærmiljøet kan alle gjera ein forskjell. Nokon gonger kan det å bry seg og stille opp bety meir enn me anar.
Gratis digital sofaprat
Torsdag 12. november klokka 20.00 inviterer Fosterheimstenesta til ein gratis digital sofaprat: “Kan me bli litt meir landsby igjen?”
Bufdir
Her møter me tre personar med ulike erfaringar og perspektiv på betydninga av å ha eit lag rundt seg.
- Julie Brodtkorb vart fosterforelder til ein gut i klassen til sonen sin, og erfarte kor viktig støtte frå andre vaksne var.
- Marius Thorvaldsen vaks opp med omsorgssvikt og flytta etter kvart inn hos ein nabo.
- Line-Marie Warholm er psykologspesialist og opptatt av betydningen av at fleire vaksne enn foreldra bidreg i barn sin oppvekst.
Saman løftar dei spørsmål om fellesskap, omsorg og kva me som vaksne kan betyr for barna rundt oss.
Sofapraten er ein del av den nasjonale fosterheimskampanjen “Samme venner, et annet hjem”, som sett søkelyset på betydninga av nærmiljøet når barn treng fosterheim.
Påmelding
Dette er ein samtale for alle!
Enten du er forelder, besteforelder, nabo, trenar, tilsett i skule eller barnehage, frivillig eller bare opptatt av barn og oppvekst, håpar me du vil bli med.
Du treng ikkje å ha vurdert å bli fosterforelder. Kanskje handlar det først og fremst om å sjå kva forskjell me alle kan gjera for barn i nærmiljøet vårt?
Bli med på sofapraten torsdag 12. november klokka 20.00!
Les meir og meld deg på - bufdir.no
Kan du ikkje delta direkte? Meld deg på likevel, så får du opptaket tilsendt i etterkant.