Kulturprisen 2025

Vinnaren av Kulturprisen 2025 er Hjelmeland Storband.
 

Hjelmeland Storband har i mange år bidrege med musikk av svært høg kvalitet på konsertar og arrangement både i Hjelmeland og utanfor kommunen sine grenser.

Dei frivillige deltakarane i bandet legg ned ein stor innsats på øvingar og konsertar, til glede for alle som høyrer på.

Me gratulerer dei så mykje med prisen!