Nabovarsling bebuarar i Prestagardsmarka

I samband med heising og montering av modular til robust-bustadene vil vegen bli stengd i periodar tysdag 29. september 2026 mellom kl. 09.00 og 14.00.

Stenginga gjeld vegstrekninga frå tomta der modulane skal heisast (Prestagardsmarka 34) og vidare til enden av vegen.

Det vil derfor vere avgrensa framkomst i dette tidsrommet. Me ber om at køyretøy ikkje blir parkerte på den aktuelle vegstrekninga, slik at arbeidet kan gjennomførast på ein trygg og effektiv måte.

Me beklagar ulempene dette kan medføre og takkar for forståinga.