Om testen
Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samstundes tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon".
Varslingsprøva den 10. juni skjer over heile landet, rundt klokka 12. Det betyr at mobiltelefonar i heila landet vil vibrera og spele av eit høgt lydsignal, samstundes som tyfonene uler.
Del gjerne informasjon om varslingsprøva med dine nærmaste, slik at flest muleg er førebudd og veit at dette bare er ein test.
dsb.no
Kven får testen?
Testen går ut over mobilnettet i heila landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar som er i Noreg og som er kobla på 4G/5G kan motta testen.
På nødvarsel.no finn du meir informasjon om kva for type mobilar som kan motta Nødvarsel, slik som smarttelefonar, smartklokker og liknande.
Dersom du ikkje ønsker å motta testen, må du setta telefonen i flymodus eller skru den heilt av i god tid før og etter klokka 12 den 10. juni. Lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknande blir overstyrt.
Kvifor teste?
Nødvarsel på mobil blir testa til heile befolkninga både for å gjera befolkninga kjent med korleis det opplevast å få eit nødvarsel og for å sikra at systemet fungerer som det skal.
I en reell situasjon inneheld eit nødvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjera for å beskytta deg sjølv.
Test av tyfonane blir gjort for å avdekka tekniske feil og for å gjera befolkninga kjent med lyden og signalet.
Signalet som blir testa under varslingsprøvene heiter "Viktig melding – søk informasjon" og består av tre seriar med tuting med eitt minutts opphald mellom seriane. Dersom du høyrer dette signalet betyr det i praksis at du skal søka informasjon. Informasjon om kva som skjer og korleis du skal forhalde deg blir gitt gjennom ulike media, for eksempel radio, tv, myndighetene sine nettsider og sosiale medier.
På sivilforsvaret.no finnes du mer informasjon om varslingsanleggene.
Les meir på naudvarsel.no