Nytt sjukehus i Stavanger

I løpet av hausten 2025 flyttar Stavanger Universitetssjukehus (SUS) over til det nye sjukehusbygget på Ullandhaug. Samtidig fortsett drifta på Våland. Sjukehuset er godt i gang med planlegginga av både flytteprosess og korleis dei skal informera pasientar, oårørande og samarbeidspartnarar. 

Informasjon på sus.no

nettsida Nye Stavanger universitetssjukehus finn du informasjon om tidspunkt for flytting, kva som blir igjen på Våland og korleis du finn fram til nytt sjukehus. Desse sidene vil bli oppdatert framover mot innflytting. Sjukehuset vil også oppdatera avdelingssidene, som vil vere sentrale for pasientar og besøkande når dei skal finne fram til oppmøtestad.