Opne kontordagar - arealdel

Me tilbyr opne kontordagar i samband med arbeidet med kommuneplanan sin arealdel. Frist for å koma med innspel til planen er 10. desember og me har derfor satt av dagar me er tilgjengelege for spørsmål og tankar. 

Kom gjerne innom oss 

  • Torsdag 27. november klokka 09:00-14:30
  • Fredag 28. november klokka 09:00-14:30
  • Måndag 1. desember klokka 09:00-14:30

Lurer du på planstatus på din eigedom eller i nærmiljøet ditt? Tenker du på å koma med innspel, men veit ikkje heilt korleis du skal gjere det? Har du andre spørsmål om arealplanlegging og prosessen framover? 

Me i avdeling plan og forvaltning kan hjelpa deg. 

Avtal gjerne tidspunkt

For å unngå venting kan du booke time ved å kontakte ein av saksbehandlarane på telefon

  • Torborg Kleppa, konstituert leiar tlf. 404 39 123
  • Svanhild Hjorteland Gbada, rådgjevar arealplan tlf. 404 39 127
  • Ingeborg Westersjø, rådgjevar kart og oppmåling tlf. 404 39 121