Rammeavtale med Vellenes FellesorganisasjonLytt til tekstenStopp avspillingMe har inngått rammeavtale med Vellenes Fellesorganisasjon. Formålet med denne avtalen er at bygdaråda, grendautval og velforeningane i kommunen på ein enkel måte skal få tilgang til gode forsikringsordningar og medlemsfordeler. Kommunen betaler kontingenten for dei i samsvar med avtalen.Alle bygdaråd, grendeutval og velforeningar i Hjelmeland som ynskjer å vere medlem i Vellenes Fellesorganisasjon skal omfattast av avtalen.Velforeningar i hyttefelt og båtforeningar er ikkje med i avtalen.Avtalen gjeld frå 20. mai 2025.Les meir om rammeavtalen som er inngått.Kontaktpersonar for avtalenHjelmeland kommune - Åsmund Sigmundstad tlf. 404 39 155Vellenes Fellesorganisasjon - Heidi Søberg tlf. 907 06 249Meir informasjon om Vellenes Fellesorganisasjon finn du på heimesida deira. Publisert 24.06.2025 11.22 Sist endra 24.06.2025 13.52