Rapportering av jakta 2025

Ja, som de veit var fristen for å rapportera resultata av jakta på elg, hjort og rådyr tysdag 6. januar 2026. Dersom du skal jakta, må du også levere inn rapport - slik er det. No hastar det med å få desse rapportane inn! 

Du som er jeger

For at dei valdansvarlege skal kunne levera fellingsrapport må du som jeger registrera kva du har sett og skutt. Det gjer du ved hjelp av sett-og-skutt appen, eller på hjorteviltregisteret.no.

Logg deg på med jegernummer og fødselsdato.

For deg som lurer på koss du skal gjera dette er det hjelp å få  på hjorteviltregisteret.no under ofte stilte spørsmål.

Du som er valdansvarleg

Du som er valdansvarleg må i tillegg til å godkjenna jaktdagar og felte dyr, senda inn den elektroniske fellingsrapporten. (Nei, den blir ikkje registrert automatisk når du har trykt «ferdig» på godkjenning av felte dyr.) NB! Er du valdansvarleg må du logge deg på under «Viltforvaltning» - ikkje som jeger!

For deg som lurer på koss du skal gjera dette er det hjelp å få på hjorteviltregisteret.no under ofte stilte spørsmål.