Kvar år den tredje torsdagen i oktober markerer me Refleksdagen over heile landet – ei viktig påminning om å finne fram refleksen! Markeringa starta tilbake i 2006 og i år har refleksdagen 20-årsjubileum! Denne dagen har blitt ein nasjonal dugnad for auka trafikktryggleik.
Bruk 5 minutt
Er du ein av dei som ofte gløymer refleks? Bruk 5 minutt på refleksdagen og fest refleksar på jakkar og baggar. Det er ei klok investering av tid! Kjøp gjerne klede med refleks påsydd, for jo fleire refleksar jo betre!
Trygg trafikk
2026 refleksen: Edelmot-duoen Victor Sotberg og Odin Helgheim
I år er refleksane inspirert av karakterar og visuelle element frå Edelmot-universet - ein serie grafiske romanar og teikneseriar for større ban og unge, inspirert av japansk manga. Serien har vekka leselysten hos mange unge lesarar. Ta gjerne turen innom biblioteket om du også vil lese deira bøker!
Bli refleksambassadør
Me treng frivillige som kan dela ut refleksar for oss rundt omkring i kommunen. Vil du vere med?
Meld di interesse på Hjelmeland frivilligsentral si nettside.
Kvifor bruker me ikkje refleks - og kvifor må me?
Sjølv om mange veit kor viktig refleks er, er det fortsatt mange som droppar den. Det handlar ofte om to ting:
- Me må forstå kvifor refleks er viktig
- Me må ha gode vanar for å huske å bruka den.
Fakta og tall:
- Utan refleks blir du først oppdaga på 25-30 meters hold. Med refleks: 140 meter!
- Ved 50 km/t har bilføraren 2 sekund til å reagere utan refleks - men 10 sekund med refleks.
- Kun 41 % av vaksne i Rogaland brukte refleks i 2023. Medan bruken steig til 51 % i 2024.
- Refleksbruken i Noreg har auka. Dei siste åtte åra har refleksbruken auka med 8 % (frå 39 % i 2026 til 47 % i 47 % i 2024).
- Målet i Nasjonal transportplan er 53 % refleksbruk innan 2026, me er ikkje der ennå.
Trygg Trafikk sine beste reflekstips for å få betre vanar
- Fest refelks på alle jakkar og sekkar/bagar.
- Legg refleksbånd (slapwrap) oppi skoen - då hugsar du det når du skal ut.
- Bruk refkels som beveg seg når du går - då lyser refleksen best opp.
- Bruk minst to refleksar - så er du synleg frå alle kantar.
- Heng refleksen i knehøgde eller bruk refleksbånd på beina.
Publisert 10.09.2026 14.57
Sist endra 16.09.2026 13.46