Ryfylke utdanningssenter

Ryfylke utdanningssenter jobbar for å gjere høgare utdanning og kompetanseutvikling tilgjengeleg i heile regionen, nært arbeidsliv og der folk bur. 

Målet er at fleire skal kunne ta relevant utdanning utan å flytte frå heimkommunen og samstundes kunne kombinere jobb, familie og studiar på ein god måte. 

Desentraliserte og fleksible studium

Senteret legg til rette for desentraliserte og fleksible studium i samarbeid med universitet, høgskular, fagskular, næringslivet og offentlege verksemder.  Studia er utvikla med utgangspunkt i behova i Ryfylke. Dei tilbyr studiepoenggivande kurs og etter- og vidareutdanning tilpassa arbeidslivet.

Studieretningar du nå kan ta nå

Gjennom Ryfylke Utdanningssenter IKS kan du nå mellom anna ta:

  • Desentralisert bachelor i sykepleie (Ryfylke)
  • Høgare utdanning i Havbruk og akvakultur (Emne)
  • Fagskuleutdanningar, som
    • Resirkulerande akvakultursystem (RAS)
    • Grøn logistikk og samhandling
    • Entreprenørskap og grønt mangesysleri
    • Prosjektleiing

Les meir og hald deg oppdatert på Facebook eller på heimesida deira ryfylkeutdanningssenter.no

Eigarar

Ryfylke utdanningssenter IKS er eigd av kommunane Sauda, Suldal, Strand og Hjelmeland i tillegg til Rogaland fylkeskommune.