Skulestart 2026: Øv på skulevegen og klipp hekkar
Å ferdast som trafikant er noko som må lærast. Barn treng erfaring og rettleiing for å forstå trafikken og ta gode val.
- Det er lettare å hugse ting me har sett med eigne auge. Lærar barna å forstå trafikken, tek dei betre val, seier regionleiar i Trygg trafikk Rogaland, Elisabeth W. Haaland.
Føresette bør finna den tryggaste ruta til skulen, gå den saman med barnet og snakka om trafikken undervegs. Barn har begrensa synsfelt, er impulsive og blir lett distrahert. Derfor er det viktig å øva fleire gonger før skulestart. Om barnet skal ta buss, bør de øve på vegen til busstoppet og korleis barnet kan vera trygg langs vegen før bussen kjem.
Tips til føresette
- Øv på skulevegen og snakk om det som skjer langs vegen.
- Velg den tryggaste ruta, sjølv om den ev. er lengre.
- Følg barna til skulen (busshaldeplassen) den første tida.
- Sykle saman. Barn bør vere 10-12 år før dei syklar åleine i trafikken.
- Dersom barnet skal køyrast til skulen, vurder å stoppe litt unna slik at barnet kan gå det siste stykket.
- Ta dokk god tid og gjer turen hyggeleg.
Du finn fleire råd og aktivitetar på barnastrafikklubb.no
Klipp hekken før skulestart
Høge hekkar, buskar og greiner som veks ut mot veg, gang- og sykkevegar kan skapa farlege situasjonar. No når barna igjen skal gå og sykla til skulen, er god sikt ekstra viktig.
Hekkar og vegetasjon ved avkøyrsler, kryss og fortau kan gjera det vanskeleg å sjå barn som kjem gåande eller syklande. Dette gjeld både for bilistar, syklistar og gåande. Det er den enkelte grunneigar sitt ansvar å sørga for at vegetasjon på eigen eigendom ikkje skapar trafikksikkerheitsproblem.
- Me ønsker at flest mogleg barn skal kunne gå og sykla til skulen der forhalda ligg til rette for det. Då må skulevegane vere oversiktelege og trygge. God sikt kan vere avgjerande for å førebygga alvorlege ulykker, seier Elisabeht W. Haaland.
Publisert 05.08.2026 09.07
Sist endra 05.08.2026 09.07