Slik kan du vise di medkjensle
I samband med Hans Majestet Kong Harald V sin bortgang vil det vere mogleg å signera eller skrive ei helsing i kondolanseprotokollen.
Kondolanseprotokollen vil ligge i biblioteket på Hjelmeland i opningstidene til biblioteket, måndag til fredag 10.00-15.30. I tillegg er det ope laurdag 5. september kl. 10.00-16.00.
Unntaka er:
- onsdag 2. september kl. 15.30 blir protokollen flytta til Hjelmeland omsorgssenter
- torsdag 3. september kl. 10-15.30 er protokollen på plass i biblioteket
- torsdag 3. september kl. 15.30 blir protokollen flytta til Årdal omsorgssenter
- fredag 4. september omlag kl. 12.00 er protokollen tilbake i biblioteket
Program i kyrkjene i sørgeperioden
Sørgegudsteneste i Fister kyrkje sundag 30. august kl. 11.00.
Sørgeprotokoll ligg i kyrkja frå kl. 10.00-13.00.
Årdal kyrkje har ope måndag 31. august kl. 10.00-13.00.
Sørgeprotokoll ligg i kyrkja same tidspunkt.
Hjelmeland kyrkje har ope laurdag 5. september frå kl. 12.00-16.00.
Sundag 6. september kl. 11.00 er det gudsteneste.
Sørgeprotokoll ligg i kyrkja same tidspunkt.
Publisert 28.08.2026 15.36
Sist endra 28.08.2026 15.37