Stenging av Blåsjøvegen

Statkraft har anleggsarbeid i området og vegen er difor stengd ved Øvre Moen frå måndag klokka 07.00 til fredag klokka 15.00, inntil vidare. Vegen er i tillegg permanent stengd ved Førreskar i anleggsperioden. 

Stenginga vert gjennomført av omsyn til tryggleiken til publikum og anleggsarbeidarane. 

Det er sannsynleg at det vil bli endringar utover sommaren og hausten. Statkraft har difor oppretta ein nettstad slik at det skal vere ok å følge med for deg som skal den vegen.

Det blir satt opp informasjonsskilt ved Gullingen om stenginga. Bommane er plassert ut slik som vist på kartet under. 

Kartet viser at det er to bommar som er plassert ut ved Ulla og ved Førrevassdammen - Klikk for stort bilete