Stenging av Randøy bru

Rogaland fylkeskommune melder at Randøy bru vil vere nattestengt ut 2026. Dei skal vedlikehalde stålkontruksjonen under brua og arbeide med sveisearbeid og utskifting av boltar i stålverket i brua sitt rammeverk. 

Det kan ikkje vera trafikk på brua medan arbeidet pågår.

Arbeidet startar opp måndag 31. august 2026. Brua er stengt frå natt til tysdagar til og med natt til fredagar.  

Brua er dessverre stengt frå klokka 20.30 til 05.30, men trafikk kan passera klokka 22.00-22.15 og 23.45-00.00. 

Opningstider for Randøy bru: 

  • 20.30-22.00 - stengt
  • 22.00-22.15 - open
  • 22.15-23.45 - stengt
  • 23.45-00.00 - open
  • 00.00-05.30 - stengt

Periode for arbeid

Etter planen skal arbeidet vere ferdig i slutten av 2026, men vêr og vindforhold påverkar arbeidet og brua kan bli ferdig vedlikehald tidlegare eller seinare enn planlagt.