Stengt veg mot Jøsenfjorden
Første helga i februar skal fylket skifte stikkrenner ved Barlindneset. Vegen blir derfor stengt fredag 6. februar klokka 18:00. Vegen blir opna så fort jobben er ferdig og seinast sundag 8. februar klokka 18:00.
Det blir omkøyring via RV13, Sand.

Ved spørsmål vedkommande stenginga ta kontakt med Simon på telefon 454 76 677.
Publisert 30.01.2026 08.52
Sist endra 30.01.2026 11.41