Stengt veg Randøy

Statens vegvesen melder at det skal utførast graving langs eksisterande veg i samband med etablering av nytt stikk på Randøy. Arbeidet skal utførast i perioden 5. oktober til 16. oktober, med ordinær arbeidstid klokka 07.00-20.00. 

Heilt stengt veg ein periode

Frå onsdag 7. oktober kl. 08.30 til torsdag 8. oktober kl. 06.00 skal vegen på Dale ved Randøy ring 1246 vere heilt stengt for gjennomkøyring. 

Full stenging er naudsynt fordi det i denne perioden skal gravast på tvers av heile køyrebanen for etablering av nytt stikk. Omkøyring blir skilta, men du må i denne perioden køyre rundt øya for å koma deg over brua. 

Kart som viser at det er stengt ved innkøyringa til Randøy ring 1246. - Klikk for stort bilete Statens vegvesen

Informasjon om stenginga blir også skilta ved Randøy bru. 

Kart som viser plassering av skilt med informasjon om stenginga ved ankøyring Randøy bru på Randøysida. - Klikk for stort bilete Statens vegvesen