Statens vegvesen melder at det skal utførast borearbeid til montering av rasnett og gysing på riksveg 13 ved Lovraeid fram mot nyttår.
Arbeidet føregår i perioden 30. august til 31. desember 2026. Det vil vere behov for å stenge frå sundagskveld til og med torsdag, i helgene vil det vere normal flyt på vegen.
Statens vegvesen
Stengt veg i periodar
Vegen er stengt i desse tidsromma frå sundag kveld til torsdag kveld:
- klokka 8.00-10.00
- klokka 11.00-13.00
- klokka 14.00-16.00
- klokka 17.00-19.00
Open veg i periodar
Vegen er altså open i desse periodane i løpet av dagen:
- klokka 10.00-11.00
- klokka 13.00-14.00
- klokka 16.00-17.00
- klokka 19.00-08.00
Vegen er open for vanleg trafikk frå torsdag kveld og fram til sundag kveld.
Omkøyring
Om du treff i dei tidspunkta vegen er stengt og du skal i retning Sand eller Røldal må du køyre om Gullingen. Køyring retning Jesa, Sauda og Haugesund er ikkje råka.
Hald deg oppdatert
Hald deg alltid oppdatert på vegarbeid på statensvegvesen.no
Publisert av Siri Janne Kyrkjeeide
Sist endra 18.08.2026 12.58