Stengt veg ved Lovraeidet
Statens vegvesen melder at det skal utførast borearbeid til montering av rasnett og gysing på riksveg 13 i Rødsliane fram mot nyttår.
Arbeidet føregår i perioden 30. august til 31. desember 2026. Det vil vere behov for å stenge vegen i periodar frå måndag morgon kl. 09.00 til og med torsdag kl. 14.00, i helgene vil det vere normal flyt på vegen.
Stengt veg i periodar
Vegen er stengt i desse tidsromma frå måndag til torsdag:
- klokka 9.00-11.30
- klokka 12.00-14.00
- klokka 16.00-18.30
Open veg i periodar
Vegen er altså open i desse periodane i løpet av dagen:
- klokka 11.30-12.00
- klokka 14.00-16.00
- klokka 18.30-09.00
Vegen er open for vanleg trafikk frå torsdag kl. 14.00 og fram til måndag morgon kl. 09.00.
Omkøyring
Om du treff i dei tidspunkta vegen er stengt og du skal i retning Sand eller Røldal må du køyre om Gullingen. Køyring retning Jesa, Sauda og Haugesund er ikkje råka.
Hald deg oppdatert
Hald deg alltid oppdatert på vegarbeid på statensvegvesen.no
Publisert 21.08.2026 08.00
Sist endra 02.09.2026 09.21