Tilskot til inkludering av barn og ungeLytt til tekstenStopp avspillingMålet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktiviteter og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamna i utanforskap. Kven kan søke? Offentlege instansarFrivillige organisasjonarPrivate aktørarFrist for å søka er fredag 31. oktober 2025. Slik søker duSett deg inn i forskriften og informasjonen på ordninga si nettsideSend inn ein søknad i Bufdir sin søknadsportal for tilskotFrivillige organisasjonar og private aktørar skal bruke søknadsskjema 2. Søknaden skal knyttast opp mot ein deltakande kommune (sjå tilskotsordninga si nettside for unntak frå denne regelen). Du kan søka om tilskot til ulike aktivitetstypar - sjå ordninga si nettside for meir informasjon om desseEtter at du har sendt søknadenSøknadar som er sendt inn av andre aktørar enn kommunen sjølv skal rangerast av kommunen. Kommunen skal forankra rangeringa av søknadane, beslutta politisk eller på administrativt nivå. Etter at me som kommune er ferdig med rangeringa sett Bufdir i gang med den endelege saksbehandlinga av søknadane. Det vil vere informasjon på Bufdirs nettsider om forventa saksbehandlingstid. Publisert 14.10.2025 13.32 Sist endra 14.10.2025 13.39