TV-aksjonen: For kvar dør du bankar på, vil fleire få hjelp

Bøssebærarane er dei ekte heltane i TV-aksjonen. I fjor samla dei inn heile 64 av totalt 272 millionar kroner. Det personlege møtet gjer at folk gjer kontantar eller på Vipps. Når du bankar på døra, vil fleire bidra. 

Årets TV-aksjon er 18. oktober og går til NRC Flyktninghjelpen. Saman skal me gi over 400 000 menneske på flukt ein trygg heim og håp for framtida. 

Som bøssebærar går du frå dør til dør i to timar sundag 18. oktober og samlar inn penger til TV-aksjonen. Folk kan vipse til 2133 eller gje kontantar. 

Møtet i døra når du går med bøsse for TV-aksjonen, er både viktig og hyggeleg. Det skapar tillit og minner folk på at det er TV-aksjonen. Mange ser fram til å få besøk av bæssebærarane, og du vil få moglegheit til å svara på spørsmål. Det styrker også kjensla av å bidra; når folk gir pengar til deg peronleg, får dei øyeblikkeleg glede av å ha gjort ein positiv forskjell. 

Visst du at èi bøsse i snitt samlar inn heile 2 300 kroner? 

Det betyr at kvar einaste bøssebærar gjør ein enorm forskjell. Ta med deg barna, barnebarna eller ein ven og gå årets viktigaste sundagstur 18. oktober. Det tek berre to timar. 

Bli inspirert av Jonas, Jens og familien i Moss og få deira beste tips til bøsseturen!

Me i Hjelmeland kommune treng DEG som bøssebærar 18. oktober. Meld deg her.