TV-aksjonen

Kvart andre sekund må eit menneske flykte på grunn av krig og konflikt. Årets TV-aksjon er 18. oktober og går til NRC Flyktninghjelpen, som skal gi menneske på flukt ein trygg heim og håp for framtida.

TV-aksjonen 2026. Saman for mennesker på flukt

Nær 120 millionar menneske er på flukt frå krig og konflikt. Aldri før har så mange trengt hjelp til å skaffa seg ein heim. Men det finns håp, og det finns løysingar. TV-aksjonen 2026 skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre buforhold i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo.

Pengane skal gå til telt og andre naudbustader, midlertidige og permanente heimar, vass- og sanitærprosjekt og juridisk hjelp for å sikra bustad- og eiendomsrettigheiter.

Ein heim er meir enn fire vegger og eit tak

Å vere på flukt betyr å stå midt i ei djup krise. Livet slik ein kjenner det, blir snudd på hovudet. Menneske som blir tvunge til å flykta frå krig og konflikt, har ofte opplevd store tap; mange har mista familiemedlem, jobb, utdanning og sitt sosiale nettverk. Ofte må dei forlate heimen sin med berre det dei klarer å bære, utan å vite om eller når dei kan vende tilbake.

Ein heim er meir enn fire vegger og eit tak. Det gir tryggleik, beskyttelse og ein stad å høyre til. Når familiar får ein stad å bu, blir det også lettare å finne arbeid og sende barna på skole. Slik kan kvardagen bli meir stabil, og grunnlaget for ei ny framtid kan byggast.

Bøssebærarane er hjartet i TV-aksjonen

Som bøssebærar går du frå dør til dør i to timar sundag 18. oktober og samlar inn penger til TV-aksjonen. Folk kan vipse til 2133 eller gi kontantar. Kvar bøssebærar samlar i snitt inn heile 2 300 kroner.

Her kan du melde deg som bæssebærar.