Utviklingsstipend for tradisjonshandverkarar

Rogaland fylkeskommune deler ut to stipend på 75 000 kroner til tradisjonshandverkarar. Årets søknadsfrist er onsdag 1. april 2026. 

Profesjonelle handverkarar i tradisjonelle handverksfag som bur og arbeider i Rogaland kan søke.

Stipendet kan tildelast enkeltpersonar som er handverkarar i byggebransjen eller fartøyvernet.

Stipendet kan for eksempel brukast til:

  • opplæring i bruk av eldre håndverksteknikker
  • dokumentasjon av eldre håndverksteknikker
  • opplæring av andre kostnader knytt til utprøving av teknikker
  • opplæring eller kursing, inkludert kompensasjon for tapt arbeidsinntekt

Les meir om stipendordninga på Rogaland fylkeskommune sine heimesider.