Vaksinering i Hjelmelandshallen

Me vil også i år tilby vaksinering mot korona, influensa og pneumokokk i Hjelmelandshallen.

Tidspunkt for vaksinering

Det blir vaksinering i idrettshallen på Hjelmeland desse dagane: 

  • tysdag 21. oktober 2025 klokka 10:00-14:30
  • onsdag 22. oktober 2025 klokka 12:30-17:30

Du treng ikkje å bestilla time, du møter berre opp når det passar for deg.

Det vil vera mogleg å få korona-, sesonginfluensa- og pneumokokkvaksine samstundes i år.

Pris

  • Koronavaksine for definert målgruppe - 110 kroner
    • Ved samvaksinering 85 kroner
  • Influensavaksine - 301 kroner
  • Pneumokokkvaksine (Prevenar 20) voksenvaksinasjonsprogram - 110 kroner
    • Ved samvaksinering - 85 kroner
  • Pneumokokkvaksine (Pneumovax) utanom voksenvaksinasjonsprogram - 475 kroner

Det er mogleg å betala med bankkort i hallen. 

Målgrupper for vaksineringa

Målgruppe som tilrådast oppfriskingsdose av koronavaksine for haust- og vintersesongen.

Målgruppe som tilrådast sesonginfluensavaksine.

Målgruppe som tilrådast pneumokokkvaksine (påfyll kvart 6. år).