No er datoane for vaksinering klar. Me tilbyr sesonsinfluensavaksine, koronavaksine og vaksine mot pneumokokksjukdom.
I år blir vaksineringa gjennomført i Hjelmeland bedehus.
Dato og tidspunkt for vaksinering:
- tysdag 17. november klokka 10.00-14.30
- onsdag 18. november klokka 12.00-17.30
Du treng ikkje å bestille time, berre møt opp.
Du kan betale med kort.
Parkering
Me ber om at dei som kan parkera med kyrkja eller andre stader gjer det. Då kan dei som treng det parkera nærmast bedehuset.
Passar ikkje dagane?
Dersom ingen av desse oppsatte dagane passar, kan du ta kontakt med legekontoret på helsenorge eller tlf. 51 75 71 00 for å avtale tid til vaksinering.
Publisert 26.10.2026 15.09
Sist endra 26.10.2026 15.10