Vakttelefon og sentral for trygghetsalarm er nede

Bedriftstelefonane vår går på Telia sitt nett og Telia sitt nett er nå nede i store deler av Hjelmeland. Det betyr at du ikkje kjem gjennom til vakttelefonen vår og du må derfor ringe til vakthavande på telefon 90227764 enn så lenge.

Tryggheitsalarmsentralen vår på Hjelmeland omsorgssenter er også nede på grunn av utfallet til Telia. Me oppfordrar derfor at du ser til eldre slektningar, naboar eller vener for å forsikra deg om at dei har det bra.

Me veit om ein del tre som er velta over vegar og jobbar no med å fjerne desse.  

Dersom du vil melde inn noko til vakttelefonen må du enn så lenge ringe til dei på telefon 90227764.

For meldingar på andre vegar enn kommunale, ring vegmeldinga på tlf. 175.

Kartet viser områda som er råka av Telia sitt utfall, merka med rødt. 

Kart over Hjelmeland kommune som viser kor det er dekning for Telia - Klikk for stort bilete