Vardafletta

Statens vegvesen har ei målretta satsing på kunst, då med ulike kunstprosjekt langs dei 18 nasjonale turistvegane i Noreg. Langs "vår" nasjonale turistveg Ryfylke, nærare bestemt Vardavika langs Jøsenfjorden, skal dei snart starte arbeidet med neste kunstprosjekt. 

Under befaringa vart den inviterte kunstnaren, Ann Cathrin November Høibo, begeistra for plassen og utvikla seinare prosjektet Vardafletta. Med flettverk som motiv har kunsten ein sterk stadsidentitet og sjølve fletta blir ein 10 meter lang steinskulptur hogd direkte i fjellet på staden. 

Når prosjektet er ferdig skal besøkande bli leda frå parkeringa og fram til kunstverket langs ein sti. Parkeringsplassen skal også utbetrast, slik at den er både trafikksikker og visuell innbydande. Det skal også koma eit skilt med informasjon om både kunstverket og den nasjonale turistvegen. 

Arbeidet startar 27. mai 2026.

Du kan sjå film om prosjektet om du vil det, den viser under her eller du kan sjå den på Vimeo.

Meir informasjon om saka

Du finn dokumenta i saka i innsynsløysinga vår om du er interessert i meir informasjon om prosjektet.

Om du har tilgang til Stavanger Aftenblad kan du også lese ein artikkelen “I høst kommer det fletter hogget i stein ved Jøsenfjorden”.