Vegarbeid Hjelmeland sentrum og langs Vormedalsvegen

Rogaland fylkeskommune har planlagt asfaltarbeid langs Vormedalsvegen og i Hjelmeland sentrum i veke 40 og 41.

Vormedalsvegen

Arbeidet langs deler av Vormedalsvegen startar opp mot slutten av veke 40 (29. september - 3. oktober). Dei kjem til å fortsette arbeidet i veke 41 (haustferieveka, 6. - 10. oktober 2025). 

Totalt er det planlagt å legge asfalt på ca. 5,8 kilometer av vegen, heile breidda. I tillegg er det planlagt nokre kanforsterkingar. 

Hjelmeland sentrum

I sentrum skal dei frese asfalt i veke 41 (6. - 10. oktober 2025). Ny asfalt vil kome på plass kort tid etterpå. 

Strekningen som skal tas er markert på kartet under, det er snakk om ca. 1670 meter.

Kart over området som er planlagt asfaltert i Hjelmeland sentrum. Frå rundkøyringa på Sande til eit stykke forbi Sæbø. - Klikk for stort bilete

Utføring av arbeidet

Entreprenøren har planlagt å jobba på dagtid, mellom klokka 9 og 21. 

Bilistar vil bli sluppe forbi ved hjelp av manuell dirigering. På dei smalaste partia, som ved nokre bruer, kan det bli noko venting. Men dette skal bli kortvarig. 

Vegmerking kjem når asfalteringa er utført. 

Endringar i framdrift kan skje.