Viga bru stenger i tre veker

I 2022 vart gamal Viga bru på fv. 4678 fjerna og erstatta med ei midlertidig bru. Måndag 12. oktober klokka 07.00 startar arbeidet med å sette inn ny permanent bru. Vegen blir derfor stengt frå og med måndag 12. oktober og tre veker fram i tid. 

Rogaland fylkeskommune skal ta bort den midlertidige brua og få den nye brua ferdig i løpet av tre veker frå 12. oktober til 2. november. I denne perioden vil Viga bru bli heilt stengt for bilar, men gåande og syklande kan passera på ei midlertidig gangbru. 

Skilta omkøyring blir via Fistervegen og riksveg 13. 

Kart som viser omkøyring via Fister og riksveg 13 - Klikk for stort bilete

Båt erstattar skulesbuss

I perioden der brua er stengt, blir skulebussen bytta ut med båt. Skulebussen plukkar opp elevane som før og køyrer til og frå Ølesund på Randøy. Ein båt fraktar elevane mellom Ølesund og Hjelmeland og ein buss køyrer elevane mellom kaien og skulen. 

Kontaktperson

Per Ove Stokkeland, prosjektleiar i Rogaland fylkeskommune
E-post per.ove.stokkeland@rogfk.no
Telefon 99 63 83 64