Vedtekter for skulefritidsordninga (SFO) i Hjelmeland kommune

§ 7 Foreldrebetaling

  • Foreldrebetaling vert fakturert etter innmeldt behov og for det timetalet dei bestiller.
  • Betalingssatsane vert gradert etter den opphaldstida ein søker om. 
  • Elevar på 1. og 2. tinn får 12 timar gratis opphald på SFO pr. veke. Dette gjeld også i skuleferiar. 
  • For elevar på 5. - 7. trinn med særskilde behov er SFO gratis. 
  • Betaling for mat pr. månad kjem i tillegg til betaling for opphald.
  • Når det er plass kan det kjøpast opphaldstid for enkle dagar. Dette gjeld berre for barn med plass i SFO.
  • Ved kjøp av ekstra tid må ein gjere avtale med den einskilde SFO. Det er opp til den einskilde SFO å vurdere dette ut i frå plass og kapasitet.
  • Foreldrebetaling skjer forskotsvis per månad.
  • Betalingsåret er 10 månader. Juli er fritaksmånad og ein betalar for bruk i august.
  • I skuleferiane vert betalinga rekna ut frå enkeltdagar med fråtrekk for allereie kjøpt tid i SFO.
  • Ein må betale for tida ein har bestilt i feriar sjølv om den ikkje vert nytta.
  • Foreldre/føresette med låg inntekt skal kunne søke om redusert foreldrebetaling for SFO. Inga hushald skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si for ein SFO-plass (opphald). Det krevast handsaming av søknad med dokumentasjon for å få innvilga slik reduksjon.
  • Det er 25 % søskenmoderasjon ved søsken på SFO. 

Betalingssatsane for opphald og mat i SFO blir kvart år vedteke av kommunestyret i samband med budsjetthandsaminga.