§ 7 Foreldrebetaling
- Foreldrebetaling vert fakturert etter innmeldt behov og for det timetalet dei bestiller.
- Betalingssatsane vert gradert etter den opphaldstida ein søkjer om:
- 0-6 timar
- 6-10 timar
- 10-14 timar
- over 14 timar per veke.
- Betaling for mat pr. månad kjem i tillegg til betaling for opphald.
- Når det er plass kan det kjøpast opphaldstid for enkle dagar. Dette gjeld berre for barn med plass i SFO.
- Ved kjøp av ekstra tid må ein gjere avtale med den einskilde SFO. Det er opp til den einskilde SFO å vurdere dette ut i frå plass og kapasitet.
- Foreldrebetaling skjer forskotsvis per månad.
- Betalingsåret er 10 månader. Juli er fritaksmånad og ein betalar for bruk i august.
- I skuleferiane vert betalinga rekna ut frå enkeltdagar med fråtrekk for allereie kjøpt tid i SFO.
- Ein må betale for tida ein har bestilt i feriar sjølv om den ikkje vert nytta.
- Foreldre/føresette med låg inntekt skal kunne søkje om redusert foreldrebetaling for SFO. Inga hushald skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si for ein SFO-plass (opphald). Det krevjast handsaming av søknad med dokumentasjon for å få innvilga slik reduksjon.
- Det er søskenmoderasjon ved søsken på SFO, og «kryssmoderasjon» mellom SFO og
barnehage. Kryssmoderasjon inneber at når barn på SFO har søsken i barnehagen, utløyser
det søskenmoderasjon på 25% pr. søsken på SFO.
Betalingssatsane for opphald og mat i SFO blir kvart år vedteke av kommunestyret i samband med budsjetthandsaminga.