Vedtekter for skulefritidsordninga (SFO) i Hjelmeland kommune

§ 6 Opphalds- og opningstid

SFO har kjernetid frå kl 07.30 til kl 16.15 fem dagar i veka. Utover dette må det søkjast spesielt.

SFO held stengt på plandagar. Det skal setjast av 5 plandagar i løpet av skuleåret.

Ein kan søkje om følgjande opphaldstider pr. veke:

  • Opphald 0-6 timar (0-6,0)
  • Opphald 6-10 timar (6,01-10,0)
  • Opphald 10-14 timar (10,01-14,0)
  • Opphald over 14 timar (14,01 +)

Barna skal ha minst 4 veker ferie i året.

SFO-tilboda i kommunen held stengt 4 veker i juli. Utover dette skal alle SFO-tilboda i kommunen ha ope, forutsett at følgjande punkt vert oppfylt:

  • Det må vera minst tre (3) deltakarar for å oppretthalda eit tilbod i SFO sine lokaler.
  • Dersom det er 1-2 søkjarar, får desse tilbod om plass i ein annan SFO.

Dersom særskilte grunnar tilseier det kan reglane over fråvikast. Dette må i tilfelle skje etter grunngjeven søknad via rektor til kommunalsjef for oppvekst.