Vedtekter for skulefritidsordninga (SFO) i Hjelmeland kommune

§ 3 Leiing og ansvar

Rektor er pedagogisk og administrativ leiar for skulen si skulefritidsordning.

SFO skal dessutan ha ein dagleg leiar som skal ha relevant pedagogisk- og fagleg utdanning. Leiar skal saman med det øvrige personalet i SFO driva SFO i samsvar med §13-7 i opplæringslova.

Leiar skal møta i samarbeidsutvalet (SU) med tale- og forslagsrett i saker som gjeld SFO. Dersom foreldrerådet finn det ynskjeleg, skal foreldrearbeidsutvalet (FAU) supplerast med ein av foreldra til barn i SFO.

SFO skal utarbeida årsplan som skal godkjennast av SU.