Vedtekter for skulefritidsordninga (SFO) i Hjelmeland kommune

§ 5 Organisering

SFO vert organisert til skular og vert oppretta når minst 7 barn vert søkt plass for i kvar krins. I krinsar med få søkjarar, kan desse få tilbod i barnehagen dersom tilhøva ligg til rette for det. Det skal leggjast til rette for SFO både før og etter skuletid, i den grad det er etterspurnad etter tilbodet.