Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Redusert foreldrebetaling
Er du usikker på om du har rett på reduksjon i betalinga for skulefritidsordninga? Her finn du spørsmål og svar som kan vera til hjelp.
Publisert 12.04.2018 12.29
Sist endra 29.10.2021 16.43
Kven har rett på redusert foreldrebetaling?
Eksempel på utrekning av redusert foreldrebetaling
Foreldrebetalinga bereknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige person- og kapitalinntekt.
Eit eksempel, med opphald i SFO over 14 timar:
Brutto årsinntekt kr 350 000 * 6% = kr 21 000 per år. Med 10 betalingsmånadar vert betalingssatsen kr 2 100 per månad. Ved søsken på SFO er det 25% søskenmoderasjon frå og med 2. barn.
Brutto inntekt er inntekt før skatt.
Kva reknast som eit hushald?
- Ektefellar
- Registrerte partnarar
- Sambuarar
Korleis søker eg om reduksjon?
Kva vedlegg må vera med?
- Kopi av skattemeldinga til den/dei som søker.
Dersom du ikkje har ei skattemelding å levera, må du levera anna dokumentasjon på inntekt (t.d. lønnsslipp frå siste månad.)
Er det ein søknadsfrist?
- Frist for levering av søknad med dokumentasjon er 1. juni for handsaming til neste skuleår.
Dersom inntekta endrar seg, eller barnet startar i SFO i midten av året, kan ein søka fortløpande.
Må eg søka kvart år?
Ja, ein må søke for kvart år. Vedtak gjeld berre inntil eit skuleår.
Dersom inntekta endrar seg, eller barnet startar i SFO i midten av året, kan ein søka fortløpande.