Korleis søke på ei ledig stilling?

Korleis søke på ei ledig stilling?

  • velg stillinga du vil søke på og trykk på "send søknad"
  • les og godta personvernvilkåra
  • last opp vedlegg, som CV
  • fyll ut informasjon om deg sjølv

For ein meir praktisk og effektiv utfylling av skjemaet, kan du gjerne bruke informasjon frå eit CV-dokument eller frå ein av dine profiler i sosiale media. Velg ønska metode i søknadsprosessen, så vil systemet lese inn informasjonen og starte utfyllinga for deg. Du får sjølvsagt moglegheit til å kontrollera og endra informasjonen før du sender inn søknaden. 

Opprett brukar 

Eg vil søke utan brukar

  • du må ikkje opprette brukar, men du kan viss du ønsker det
  • når du kjem til punktet for "innloggingsinformasjon" i søknadsprosessen kan du trykke på "oversikt og registrering" viss du ikkje ønsker å opprette passord

Eg vil søke med brukar

  • ved å registrera brukarnamn og passord gjer du det muleg å bruka CV-en din til å søke på andre stillingar som blir utlyst (søknad og CV vil bli lagra i seks månadar)
  • brukarnamn og passord kan ikkje vera like/identiske
  • kristerie til passord: minst 8 teikn langt, både små og store bokstavar, minst eit tal og eit spesialteikn
  • hugs å sende søknad når du er ferdig

Attestar og vitnemål

Du kan legge ved attestar og vitnemål, men me ønsker likevel at du tek dei med til eit eventielt intervju. 

Korleis søker eg på ei intern stilling? 

Interne stillingar kan du søke på dersom du allereie har ei fast stilling eller eit vikariat i kommunen. Du kan søke på desse stillingane gjennom intranett, eller her på heimesida.