Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Stipend og støtte til vidareutdanning

Me tilbyr varierte økonomiske ordningar og tiltak for rekruttering av personar til spesielle yrke, slik som sjukepleiarar, undervisningspersonell og ingeniørar, jf. KST-sak 010/10. Det er og muleg for tilsette å søke om støtte til etter-/vidareutdanning.

Oversikt over ordningane/tiltaka:

1. Redusert husleige i kommunal bustad

Redusert husleige for alle nytilsette som ordninga gjeld for, dei to fyrste åra etter tilsetting.

  • 50% reduksjon i leiga fyrste året
  • 25% reduksjon andre året

Gjeld per husstand for leige av kommunal bustad eller tilsvarande som kommunen rår over, ved busetting i Hjelmeland.

Går ein til anskaffing av eigen bustad, så fell tilskotet bort.

2. Etableringspakke for nyutdanna og nytilsette

Etableringspakke på kr 25.000,- forutsett busetting i Hjelmeland for nyutdanna og nytilsette mot binding for 2 års aktiv teneste. Ved eventuell avslutning av arbeidstilhøvet før dei 2 åra er gått, lyt ein forholdsmessig del av etableringspakka betalast tilbake, ved permisjon utan løn vert bindingstida forlenga tilsvarande.

3. Konkurransedyktig løn

Konkurransedyktig løn samanlikna med alle andre kommunar i Rogaland.

Lønsnivå i dei enkelte stillingane skal fastsetjast ved tilsetjing, ved ordinære, lokale forhandlingar og årleg lønsregulering i samsvar med Hovudtariffavtalen på KS-området, kapittel 3, 4 og 5, samt etter særskilte forhandlingar i samsvar med Hovudtariffavtalen kapittel 4.2.2 og 5.3.

4. Stipend, under utdanning

Stipend kr 20.000,- pr år for nest siste og siste utdanningsår mot binding for 2 års aktiv teneste.

Ved eventuell avslutning av arbeidstilhøvet før dei 2 åra er gått, lyt ein forholdsmessig del av stipendet betalast tilbake, ved permisjon utan løn vert bindingstida forlenga tilsvarande.

Ordninga gjeld og for sjukepleiarstudentar som ikkje nyttar ordninga i punkt 8.

5. Stipend for etter- og vidareutdanning

Stipend inntil kr 10 000,- pr semester for etter- og vidareutdanning. Dette skal vær ei ordning for tilsette som ynskjer utdanning som ledd i ei personleg utvikling, både i eksisterande stilling og kvalifisering til anna stilling i kommuneorganisasjonen. Bindingstid vert satt frå 0,5 til 2 år. Ved permisjon utan løn vert bindingstida forlenga tilsvarande.

6. Fullmakt

Rådmannen får fullmakt til å nytta desse tiltaka også i andre samanhengar når situasjonen krev det. Slike saker vert referert for formannskapet fortløpande.

7. Stipendordning lærarstudentar

Stipend inntil kr 15 000,- per semester for lærarstudentar som har fullført fyste årsstudium, mot at dei bind seg til å arbeida for kommunen i minst to år etter ferdig utdanning.

Ved eventuell avslutning av arbeidstilhøvet før dei 2 åra er gått, lyt ein forholdsmessig del av stipendet betalast tilbake, ved permisjon utan løn vert bindingstida forlenga tilsvarande.

Stipendordninga gjeld for dei som tek lærarskulen for trinna 1.-7. eller 5.-10. 

8. Stipendordning sjukepleiarstudentar

Hjelmeland kommune har innført ei stipendordning for sjukepleiarstudentar, mot at dei bind seg til å arbeida for kommunen i minst eitt år. Ordninga inneber arbeid kvar tredje helg, samt minimum 6 veker i sommarferien. Arbeidet vil gje ei månadleg lønskompensasjon på kr 4 000,-, totalt kr 48 000,- pr. år.

Lenke til søknadsskjema
Malin Nordbø
Einingsleiar lønn og personal / Beredskapskoordinator
E-post
Telefon +47 40 43 90 17